Alt er relativt

Kvifor det er digg med perm:

1. Mates! Nachos med tre awesome chicks i går og til Bergen i morgon for å fly høgt med unge heite gateflamma der!
2. Gurls! På ein time på Gardemoen såg eg meir bra enn på to månadar i Finnmark - say no more.
3. Lange, late morgonar! Sleppe å stå opp før 06:00 for å vaske.
4. Lange, late dagar! Rett plass og rett tid er alltid relativt.
5. Lange, late kveldar! Rosignal: Soloppgang...

Det er det det går i.

Jegershots...

- er når du sniffa saltet, spruta sitronen i auga og drikk tequilaen rein!

Vi har runda ein månad og vel så det her på GP. Første langperm får vi om to veker, så då skal det utan tvil bli digg å reise heim ein tur, men vi har ikkje hatt det så verst her heller.

Det tok ikkje mange dagane frå då vi kom opp hit i august til vi var inne i det. Eit par rolige veker, men med lange dagar i starten har gått over til meir spennande saker. Forrige veke avslutta vi første runde med eksamenar, og dei to siste vekene før perm skal vi bruke på høvesvis stridsteknikkar og sanitet.

Å vere i Finnmark - for så vidt nord for Trondheim - for første gang er heller ikkje så lite spennande i seg sjølv. Noko er reinsdyra og kor enormt fylket er, men heilt anna og meir spesielt er korleis det som søring er å omgås samar og andre som bur her oppe, noko vi har merka litt av dei gangane vi har vert ute så langt. Ingenting stygt om babes i Finnmark, men det er uheldigvis lengre mellom dei enn mellom kvart reinsdyr. Eg skal la det vere usagt om det seier noko om tal på reinsdyr eller babes... Ei var det i vert fall i styrkerommet i stad, søring dog.

Det som kanskje er mest motiverande her oppe er ein herlig tropp på 52 mann og korleis kvar enkelt (ja, i vert fall mange) er awesome. Då er det lett å leve med at ein må opp kvar dag før seks og barbere seg...

Kunne militæret frista deg? Kvifor ja eller nei??

Avduking av minnebauta i Karasjok, sjefolainen nr. 3 frå venste

Gull K på brystet

Det blir tidligare mørkt om dagane her i Finnmark, eg har gått på min første forkjølelse og turen til Alta i helga utgår - elles er Finnmark og GP framleis supert!

Frå tirsdag til fredag forrige veke var vi på øvelse. Den starta rolig, men tok seg opp litt etter litt for kvar dag før vi natt til fredag var i full krig. Alarmen gikk, folk kom seg ut i stilling og basen blei rive. Troppen satt i marsj retning leir og alle trudde med seg sjølv at slutten på øvelsen nærma seg like fort som vi nærma oss leiren. Så greit var det derimot ikkje... Eit par hundre meter frå porten til leiren blei vi stoppa.

Vi skulle ut på ein 15 km marsj på under 2 timar og 15 minutt med krav om at heile troppen gjennomførte. Distansen virka veldig overkommelig, men med feltbein og lite søvn var det utfordrande å holde farten oppe. Deilig var det derimot då vi runda inn mot leir med god klaring på tida og alle mann med oss. Om vi ikkje hadde vert sikker tidligare den morgonen på at vi var ferdig, var vi i vert fall no sikker på at øvelsen var over. Den gang ei.

Som alltid klarar Forsvaret å lure inn ei gjørmeløype eller to til ei kvar tid, og sånn var det no òg. Med det fullført var det derimot desto deiligare då øvelsen var over og vi blei belønna med K-distinksjonane vi får første halvår på HVBS.




15 km GHV-marsj

Etter øvelsen var det ei rolig helg kor eg deltok på ei avduking av ein minnebauta i Karasjok ved å legge ned krans. Med Cola tilgode hos løytnanten, var det no oberstløytnanten som spanderte burger på oss!

Denne veka er full av eksamenar. Med kun ein pause i dag, er det på-an igjen i morgon med eksamen begge dagar før helga. Det som er sikkert er at det skal bli ei ekstremt deilig helg!

Livet i tjukkaste Finnmark, 70 grader nord

Vi nærmar oss mørketid, kalde blå og ikkje minst eksamenar, men elles er det ganske bra her i Finnmark! Forrige helg runda vi av ei bra veke med ein tur på dei lokale utestadane og toppa det med partyjoik på eit av dei, Same Same. Veka som har vert har vi lært om samband, eit spennande hjelpemiddel i felt, men ikkje bere fryd og gammen då det veg rundt 12-13 kg å bere med seg i tillegg til pakning.

Den kommande veka skal vi ut i felt på øvelse, så dagen i morgon vil bli brukt til å gjere oss klar til strid, før vi tirsdag sett i marsj. Det skal bli digg å sove kuk i ræv i telt og ete feltrasjonar igjen. I område vi skal ha øvelsen vil òg kystjegerane og spesialjegerane vere, så det kunne blitt spennande om vi fekk sett noko av kva dei driv med!

Men nok om kva som har vert og kva som skjer - dagen i dag har heller ikkje vert utan spenning! Midt i ein joggetur i føremiddag kom bekreftelsen på at vi er i tjukkaste Finnmark. Rett over ein skråning og rundt ein sving stod vi plutselig ansikt til ansikt med to reinsdyr. Heldigvis vart dei meir skremt enn kva vi vart...

Uansett - ei veke med øvelse, ei med eksamenar, ei med felt og ei med sanitetskurs så snakkar vi vår første langperm og praksisplassane for neste halvår vert kjent. Kanskje havnar eg i eit kompani i garden? Kanskje blir eg her? Eller kanskje noko heilt anna - muligheitane er mange!


Skytebane, sjefolainen sjølv nr. 2 frå høgre

Gass gass gass!

Ei innhaldsrik veke går mot slutten her i Finnmark. Vi er endelig komen i gang med våpenleksjonar, og toppa det med skytedag torsdag. Den kommande veka skal vi fyre av endå meir skattepengar, henholdsvis tirsdag og fredag på skytebana. Vi kjem i tillegg i gang med fleire fag, blant anna pedagogikk og ledelse og treningslære.

Alt spennande kjem nok derimot ikkje til å bli like digg. Torsdag fyrast gassbua opp, og når sjølv dei som har overlevd den fleire gangar før gruar seg, kan det bli riktig spennande...

Elles er maten awesome, flåtten stor og Laks Vegas (Lakselv city) mindre enn forventa.

Kva skjer down under?



På ny kurs

Det er aldri anledning for å ligge på latsida i Forsvaret, heller ikkje når det gjeld blogg! Her gjeld det å vere på rett stad til rett tid og med rett utstyr!

Showet starta på onsdag - då reiste eg frå Bergen, via Oslo og Alta, til Porsanger, Finnmark. For dei som ikkje veit det, men har lyst til å følge bloggen det neste året, er eg plassert på Garnisonen i Porsanger og skal gå Jeger-linja (UB-jeger) på Heimevernets befalsskule (HVBS). Det er ein eitt-årig utdannelse fordelt på 6 månadar som elev og 6 månadar i praksis.

Bloggen vil forhåpentligvis ikkje bli ein reindyrka militærblogg, men litt er nok umulig å unngå.

I sommar var eg på Felles opptak og seleksjon (FOS) på Kjevik, og stortreivs både i leir og felt saman med fleire av dei eg no er befalselevar saman med. Så slapp av, mamsen, det er så greie gutar og jenter atte.

Dei første dagane har så langt gått med til å mønstre utstyr (PBU) og våpen (HK 416), brette klede, strekke senger og blitt kjent med langtidsplanen. Inntil vidare har vi både portforbud og uniformplikt, men det lettast nok på etter kvart, og det ligg at til at vi får vår første langperm 1. oktober (!!). Andre og siste langperm kjem i midten av november, men før uteksaminering rett før jul skal vi òg gjennom fire feltøvingar i tillegg til feltteneste og fleire eksamen både teoretisk og praktisk.

Det kjem utan tvil til å bli både hardt og utfordrande for å sei det mildt, men eit godt samhald skal nok få oss alle gjennom! Heldigvis er vi som sagt ein god gjeng, og med eit godt velferdstilbod (disco-rute til Lakselv booYAH) ved sida av tenesten skal vi nok få sjå at Finnmark har meir å by på enn bere mørketid, samar og reinsdyr. Blant anna skal vi allereie på søndag på fjellet og fiske i diverse vatn, spennande. Militæret er så mykje, mykje meir enn stidsvogner og maskingevær...

Håpar du får ein flotters slutt på ein elles bra ferie, så skal nok eg vere tilbake igjen snart òg! Kanskje til og med med bilete...

Fri som fuglen

    04.08.2010 kl.18:10 i Blogg

I går hadde eg besøk av ein på bokhandelen kor eg jobba som fekk meg til å tenke på bestefar min. Bestefar min døydde i fjor vår, etter sjølv ha valt å ikkje leve lenger - men var alltid ein bestefar man bere kan drømme om å ha. Det går ikkje mange dagane mellom kvar gang eg tenker på han, og i går var ein av dei gangane.

Mannen som kom inn i bokhandelen var av bestefar-typen. Ikkje bere den standard bestefar-typen, men faktisk litt lik min bestefar. På toppen av det heile lukta han det same, Läkerol Eucalyptus... Aldri før har eucalyptus lukta så godt.

Etter jobb var det fint å få servert fleskepannekaker og russekrem hos besta. Mmm.

Gladmelding

    04.08.2010 kl.12:42 i Blogg
Til tross for om det skulle regne ute, vere utsolgt for iPhone 4 i butikkane eller gå ein gammal og god klassikar på tv, har du no ein god grunn til å komme deg ut og nyte sommaren:

Rød eller kvit?

Vern om dine favorittar

    01.08.2010 kl.19:17 i Blogg

På ein lat søndag passar det bra å dele på favorittane sine. Derfor skal eg vise ein som veit å sette meg i stemning med bileta sine, og akkurat no har gjort sommar feelingen tilgjengelig til å ta og føle på. Ikkje bere er han fantastisk god til å fotografere, men han er òg søskenbarnet mitt. Vinn-vinn.

Sjekk ut Sindre Moldeklev sin photostream på Flickr.




Alle foto Sindre M.

Vil minne deg på at Kristin kårar Norges beste bloggdesign og at eg er ein av dei ti finalistane! Sjekk ut mitt forrige innlegg for meir info eller gå direkte til Kristin sin blogg for å stemme!

Norges beste bloggdesign?

    01.08.2010 kl.15:46 i Blogg

LIFE OF VEBJØRN er plukka ut blant over 150 nominerte som ein av ti finalistar i Kristin si høgst offisielle kåring av Norges beste bloggdesign. Det fine med kåringa er at du som bloggar kan vere med på å avgjere kven som går seirande ut...

Du kan sjå alle ti finalistane på bloggen til Kristin, og du stemmer ved å skrive i kommentarfeltet hennar kven du stemmer på. Skulle du ende med på å stemme på meg hadde det vert fryktelig moro!

Om du finner designet mitt verdig di stemme hadde det vert fantastisk om du samtidig vil oppfordre andre til å stemme på meg, for eksempel gjennom din eigen blogg. Thank you and goodbye!

Ein eksta takk til Magnus som står for designet på bloggen!

Related Posts with Thumbnails
hits