oktober 2008

I remember when I lost my mind

Ei slim Quiksilver-bukse er bytta ut med den mest baggy buksa som var å oppdrive heime. Gryta slo gnistar, iPoden med Gnarls Barkley var kobla på stereoanlegget og ovnen brann slik kun ein meister kan fyre den - eg er framleis heime åleine. Med eit fraværande nett og med ei oppgåve å levere over nett seinast i kveld, blei redninga for årets norskkarakter og ein kjapp blogg eit kakebesøk hos mi bestemor som runda endå eit tiår på onsdag. Medan ho pratar om korleis gåinga og syklinga gjer underverk for ho og at neste steg er å slutte å røyke, medan ho lessar over endå eit kakestykke, mumlar bestefar for seg sjølv medan han småler av barne-tv - det er sikkert fint å bli gammal. 

Eg er på vei vidare på trening for deretter og innta helga med storm og bruke den til å hente inn søvn, ete siste kakerestane og komme i gang med essayet - du skal derimot få ein unik sjanse til å komme close på meg! Eg smeller for andre gang opp sjansen til å spør meg om dusjvanar, kor flink eg er å gire, kva det mest imponerande eg har gjort på eit kjøkken er, kor tid sist eg vaska heile badet mitt og alt det andre du føler du må vete for å kunne gå inn i november med tryggleik i sinnet og harmoni i sjela. Forrige gang heile bloggverda fikk sjansen til å få eit ærlig svar frå meg brukte to anonyme sjelar og ein annan bloggar sjansen til å spør meg om tre spørsmål - er det lov å håpe på at vi doblar talet denne helga? Fyr laus!

For at nervøsiteten over eit av spørsmåla eg hadde rekna med ville komme eit par gangar, kor tid eg sist vanska heile badet mitt, kan gløymast kan eg røpe allereie no at eg gjorde det seinast i dag - i 'heile badet' legg vi vask, dusj, do, gulv, veggar, klede - alt.

Gnarls Barkley - Crazy

barkley

Kunsten å overleve

Huset er tomt, eg er tom og det er ikkje fyr i ovnen. Med ein far i Nordsjøen, ei mor på tur til Trondheim, ei søster på folkehøgskule og ei siste søster i Australia var det ikkje lett å stå opp verken på alarmen frå iPoden eller mobilen i dag tidlig. Redninga blei at mobilen var stilt inn på to alarmar og ein mage som skreik etter eit sårt nødvendig påfyll etter gårsdagens kakekalas!

Eg speeda kjapt i dusjen
, las eit par sider FriFlyt, og putta pc'en og pizzasnurrar i sekken før eg fortsatte i Franklin's ånd ut i verda. Etter sju timar teori bar det vidare på jobb for å sjå at dei som hadde vert der før meg hadde smelt opp julepynt og dagen blei ikkje betre av den grunn. Dagens andre redning blei ein ny tekopp og besøk frå Mariell på jobb.

Vidare i kveld burde eg ha henta meg inn igjen i Prison Break, fått skikkelig fyr i ovnen og skrive eit djupt innlegg der eg tar for meg bruken av årets OD-pengar eller røykelova, men i kveld må eg fullføre og levere sogeinnleveringa før eg vidare startar på eit essay om 'Språk er makt'. Anar vi ein mulighet for å dra blogging inn i bildet?

Korleis har det seg at ingen kommenterte Glasvegas-sangane eit par innlegg tilbake, men at nesten halvparten av gårsdagens kommentarar tok for seg si meining om 'Her kommer vinteren'?
 
smil
Eg vurderte sjølvsagt å gå for ein 'Glad i deg'-kopp.

Gevinst av 24 timar leik

Er du av typen som lar deg irritere av folk som alltid skal imponere
Har du et kjøleskap har du en TV har du alt du trenger for å leve for


Er mennesket materialistisk?
Eg skyt ut frå startblokka før kruttet er løyst og smeller opp hovudpoenget før klimakset ein gang er prata om like bra som ein tvilsom krimforfattar. Dei siste dagane er ikkje det gylne bankkortet dratt ein einaste gang, men eg sitt igjen med verdiar mennesket både kunne levd utan, men òg som det ikkje kunne klart seg utan.

Ettar at eg hadde runda garasjen, tatt bandet på hunden og sett Frightened Rabbit i gang på touchen kom problemet. The Modern Leper strøymte ut frå Apple-øyrepluggane, hendene var kalde og eg såg meg nødt til å ta turen rundt garasjehjørnet igjen for å plukke opp eit par hanskar- her oppstod problemet. For kvar gang lysta til å høyre enten siste plata til Keane, det nye frå Gallagher-brødrene eller den siste indie-playlista frå iTunes ville løysninga vere å ta hanskane av for å kunne komme meg dit eg ville. Eg avstod fristelsen eit par gangar, men etter endt plate kom problemet opp på ny. Sesongens redning blei ein finurlige kroppsdel. Ikkje fornurlig i den grad at den sjeldent brukast, men her blei det brukt til å redde meg frå det som ville vert ein kald og sikker lidelse.

Så - her har du lista over dei siste 24 timars leik;
- ei eksepsjonell evne til å ta meg fram på touchen
- eit brannsår
- anagram, siste skidvd frå Kong Vinter
- ei hyggelig myspace-melding

Er du materialistisk?

regine

Her kjem vinteren

Rimet blenkar skarpt
og lyktestolpane brenn,
her kjem vinteren
.

Haikudikt inspirert av Jokke og Valentinerne's slager
som vil gå på radio det neste halve året. For å spare deg for litt Jokke, så får du den her med Ingrid Olava - kva synst du om hennas versjon - eg likar den?



Planen for i dag er å cruise skulen, eige klassefinalen i badminton og runde av med ein spinnvill kveld med ananasjuice, kaker og terter til å gå rundt av og bestefars jakthistoriar hos tidenes sprekaste bestemor! Kan dåke ønske Henke gratulerer med dagen, så kan dåke så klart ønske dama som lagar Vestlandets beste kakemenn gratulerer med dagen òg. Sjølv om ho for alt eg veit kan vere innom og leser bloggen samtidig som ho hackar nettbanken, røpar eg allikavel at ho blir ei tredemølle rikare i kveld! Kva er din plan?

Eg fikk brev frå Maren i går - My Little Pony brev. Kva er det finaste brevet du har fått?

Er du av typen som alltid vil hjelpe?

Folkens jeg kommer med nyheter jeg må be om absolutt stillhet
Ventetida er over det kommer til å falle snø i natt

Eg lovde nyheter, men det blir ingen revolusjon. Blogg.no ser ut til å vere med på endringar, prøva i dag gikk supert og det er like kaldt her som i resten av landet - kjedelig. 'Fridom! Fridom! Folkestyre!' som Tor Jonsson ville sagt det.

Det store er at vebjqrn.com
har fått sitt første selskap å samarbeide med. Det er det same selskapet som samarbeidar med Ida Wulff og dagens bursdagsbarn, Henke. Selskapet er Clash Media, eit engelsk mediebyrå, deira kampanjar blir å sjå på sida her framover og alle som vil kan utan forpliktelsar vere med i trekninga om ulike ting - akkurat no køyrer vi kampanjar for ein iPhone 3G og ein Nintendo Wii!

Alt du trenger å gjere er å klikke på ein av kampanjane i margen, fylle inn navn, adresse og mail. Vidare må du avgi ei interesse og enten velge nei på produkta dei tilbyr, eller klikke ja på eit av dei om du ønskar meir informasjon eler benytte deg av eit av tilbuda. Skulle du vere skeptisk til at du i morgon vaknar opp til ein innboks full av søppel er det bere å slappe av - du vil bere sjå ein der!

Med samarbeidet med Clash Media følger det òg ein konkurranse her på bloggen! Alle som fullførar stega i kampanjen bidrar med ein tiar som vil bli putta rett inn ein premie! Så bli med og hjelp vebjqrn.com til å ta steget litt vidare! Ofrar du to minutt for meg eller burde vebjqrn.com bremse opp?

Til alle som fortjenar det vankar det ikkje mindre enn tre Glasvegas sangar - kos deg!





Veien til 4000

Et tjern i skogen
noen av trærne under
eller i vannet.
- Jack of Diamons, skaparen bak Power of the Point

Ikkje nok med å ha revolusjonert norske bloggar, i vert fall sin eigen, med kategoriane Arkhipelago Empeira, Casually Narcissistic og fleire, har han no sprengt alle grenser [les: blogg.no's grenser] og har sett seg nødt til å legge ein kategorien over på ein ekstern blogg! Sjekk ut bloggen hans og klikk deg vidare til Power of the Point!

power1power

Mailen tilbake frå Rafiq på blogg.no var positiv - blogg.no har fiksa listene, noko alle virka happy med, og er opne for fleire forslag til endringar som kan gjerast på blogg.no. Kva vil du ha endra?

Eg lar 'Vårbrev frå kyrkjegarden' av Tor Jonsson ligge, røskar opp i flokane på øyrepluggane, trossar årets første snø og ofrar hunden min eit par timar før eg er tilbake. Seinare i kveld er eg tilbake med den største nyheten som har komt, om ikkje sidan eg starta bloggen, så i vert fall sidan design blei endra og listene bedre enn dei forrige. Gled deg - det er betre enn den kommande realiteten med at det blir to innlegg frå meg i dag!

Om ikkje listene på blogg.no, den store nyheten eller min barske header har tirra deg nok - ein av dåke vil i dag poste vebjqrn.com's 4000-ende kommentar i dag - har du lyst på meir enn heder og ære?

Ein liten del av Asia

"Jeg synes heller det burde være en liste over anbefalte blogger av blogg.no's administrasjon."
- Alexander

"Mange av de bloggene som ligger der nå er forøvrig jævlig dårlige. Æsj."
- Caroline Constanze

"Det kunne GODT vært noen andre lister enn "Mest aktiv"."
- Katrine

"Jeg må bare le, når jeg ser at folk på lista kun er der fordi de har postet 30 innlegg på en dag. Da blir jeg bare skuffet når jeg går inn på bloggen deres."
- Vegard Alexander

"Og hvorfor ikke rydde litt opp i den fokus: mote-saken som har vært der så lenge jeg har hatt blogg i hvert fall. Hva med fokus: fotografi, humor eller filosofi for eksempel?"
- Maren

Eg kunne fortsatt resten av kvelden, men med tanke på kor sjølvdisiplinert eg er og at det i morgon luskar ei breddeidrettprøve og før den tid ei badmintontrening sluttar eg like greit siteringa her. Responsen i går var super! Forslag over kva som kan bli gjort, inkludert fleire av ideane som dukka opp i kommentarfeltet, blir i dag sendt vidare til redaksjonen i blogg.no. Satsar på at dei viser interesse for å halde blogg.no oppe som Norges beste bloggportal ved å vidareutvikle sida ved å høyre på oss som brukar den. Svar frå blogg.no er forventa tilbake ganske kjapt og vil bli posta her på bloggen for å halde interesserte oppdatert.

Ikkje nok med at eg er fantastisk sjølvdisiplinert, så viste eg mi hyggelige side før helga ved å ta på meg eit par timar på jobb i dag etter skulen. Eg ville uansett få nok timar til å lese på prøva til i morgon.. Den hittil lange dagen har derimot gjort behovet for slack større, og lysta til å lese om aortabogen, hemoglobinet og andre finurlige ting som held hjertet og kroppen vår i gang mindre. I frykt for at utsagnet om sjølvdisiplin skal bli stilt spørsmålsteikn ved skal eg heller bite tenna saman (noko som blir svært vanskelig med tanke på at eg har eit leit underbitt) og jobbe, om ikkje så veldig hardt, så i vert fall jobbe fram mot treninga.

For å dra eit spørsmål rett ut frå VG (i vert fall eit som har potensial til å finnast på midtsida i lørdagens VG);
Er norsk ungsom så mainstream (bruken av ord ville kanskje vert gjort om i VG) at dei kun spelar fotball og handball og ikkje prøvar andre greiner utanom i gymtimane samen med den svette gymlæraren frå Sør-Europa (ok, metafor ville kanskje vert endra òg i VG) som har introdusert fransk kanonball og badminton for dei?

badmintonextreme
Fra v.: Maren, Vebjørn

Opprop - stille før stormen

Hausten kjem for fullt
Barack knusar John McCain
Blogg.no får ny liste

Det lynar ikkje lenger ute
, Andrè Solvang er stille og blogg.no går sin gang - det er stille før stormen. Fleire har irritert seg over den før, inga handling har blitt gjort, men det er no på tide å revolusjonere den - vi snakkar om 'Mest aktive' lista på framsida til blogg.no! Den er blitt hylla, håna og heftig diskutert - det einaste som er sikkert er at den til ei kvar tid innhar 30 bloggar som har gjort noko for å vere der. Kva dei spesefikt har gjort er det få som veit..

Etter å ha forhøyrt meg
med fleire bloggar er meiningane samstemte - vi vil ha ei ny liste. Ei heilt ny liste er ikkje nødvendig, men ein mulighet kan vere å få ei liste som liknar meir på den svenske bloggsida blogg.se si. Der kan man velge om man vil sjå dei bloggane med flest besøkte lesera, dei mest aktive bloggerane eller bloggaren som har posta flest kommentarar. På den måten vil ikkje dei 'største' kun bli endå større, men alle bloggar vil få muligheten til å vise seg fram! Ei alternativ liste kan vere å la ein bloggar kvar veke få vise fram tre bloggar på framsida som fortjenar fleire besøk enn dei allerede har.

Er du einig i tankane her og meinar at å utvide lista på framsida av blogg.no vil gjere det lettare for fleire bloggar å vise seg fram, samtidig som det blir enklare for lesera som vil besøke populære bloggar? legg igjen ein kommentar og lista vil bli, om ikkje personlig overrekt, så i vert fall maila til redaksjonen på blogg.no!

Ei framtidig liste på blogg.no?

mestaktive

Visdom på ein lørdag

Eg sansar haustlauvet mot andletet,
peisen knitrar og glasa brakar i stormen
Vi har ikkje TV-signal


Soga om Gunnlaug Ormstunge er ferdiglest, årets første haikudikt er publisert og to poeng er gitt vekk. I frustrasjon over at TV'en var ute istad og dei første 60 minutta av United - Everton gikk i vasken (heilt på det reine gikk kampen aldri i vasken, det gjorde derimot ei sur melk som samtidig stjal dagens graut) blei timane som var satt av til United-kamp ikkje brukt til noko. Resultatet er brutalt - eg har framleis tilgode å skrive om soga og slacke.

Eg endrar
litt og litt på bloggen heile tida, og er på ny i gang med å endre linkane på sida. Har du lyst, eller følar du at du fortjenar å vere der - skrik ut!

Vil du skrive eit haikudikt til meg?

rettikoppen

Australia by polaroid

Unnskyld, forrige innlegg vart ein einaste stor løgn. Glaset blei aldri fylt opp med ananasjuice og slackinga blei aldri begynt. I det eg posta innlegget stemte min litt over eit år gamle Sony Ericsson i med BigBang's Wild Bird og på andre sida, rettare sagt i idrettshallen, var Kristoffer. Ein god venn eg ikkje kunne svikte når han trygla om at eg blei med å spele fotball. I overkant av ti minuttar brukte eg før eg stod klar til å eige. 10 kampar seinare, alle spelt til 5, var stillinga 8-2 og Kristoffer og resten av laget hans måtte innsjå nederlaget.

For at ikkje heile forrige innlegg
(ei lita motseiing her frå starten av innlegget) skal bli ein stor løgn, ser eg meg tvungen til å poste eit par polaroidbilder frå Australia. Gje meg ein kommentar på dei!

pol7
Lynwood Avenue - 1000 meter med rosa, kvite og grøne trær

pol3
Bondi Beach - fem minuttar seinare var fleire delfinar rett framfor oss

pol4
My beloved parents på cafè i Manly

pol6
Surfing på Little Narrabeen - polaroidfilmen gikk vill og spydde ut svarte bilder
pol5
Åå, kom igjen - gje meg eit sløvt blikk

pol8
A spoiled rotten Siberian Husky lives here

pol9
Og det beste til slutt - kjøttpai på The Upper Crust før surfing

Kunnskap gir superkrefter

Eg er godt i gang med Soga om Gunnlaug Ormstunge, har eit nyvaska bad, glaset fylt til toppen med ananasjuice og ein finfin lørdagsfølelse. Helga kan bere komme for eg har nok av tid til å kose ræva av meg. Det er sant når folk minnar meg på at eg ikkje bere kan slacke, men eg skal få god tid til det òg på tross av ei innlevering av ein tekst der eg samanliknar og drar fram likskapar mellom Soga om Gunnlaug Ormstunge og Eminem's film '8 Mile', og ei prøve i breddeidrett rett etter helga. Lørdagsfølelsen er der på grunn av at årets Operasjon Dagsverk blei brukt til å tjene inn pengar til utdanning for kvinner i Bangladesh og meg sjølv på butikken eg jobbar i kvar tredje lørdag. Ein ganske så logisk lørdagsfølelse med andre ord.

No skal eg fylle opp glaset med ananasjuice og starte slackinga på NRK. Med tanke på at eg har huset for meg sjølv blir det kanskje allsang - dropp innom om du føler for det.

Etterpå blir det importering av musikk
, meir ananasjuice (likar du ananasjuice?) og kanskje scanning og posting av polaroidbilder. Burde kanskje scanning og posting bli om til scanning og posting av polaroidbilder?

Med nytt design
følgjer det ofte fleire endringar - ein av dei blir meir musikk, er det noko meir du vil ha?

Deltok du på årets Operasjon Dagsverk?

bangladesh

Ein ny æra

Første kapittel er avslutta. Ein ny æra er i gang. Mette-Marit er no i sitt sjuande år som kronprinsesse, Berlinmuren stod i 28 år, Romarriket falt etter godt og vel 500 år og det alle spør seg om no er kor lenge vebjqrn.com vil eksistere! Framover vil det i vert fall eksistere i nytt design. Eg blei lei det gamle, Ingrid blei lei det gamle og du lide ingen nød om favorittbloggen din skiftar til eit endå kulare design.

Redninga blei tinekatrine som ikkje bere laga den kulaste headeren som er å oppdrive på blogg.no, ho hacka seg og inn på bloggen min of gav den ein rèal omgang. Resultatet blei plankar henta ut frå hennas eige byggeri, nytt stilsett, spica fargar og blinkande linkar - aldri før har bloggen min sett bedre ut!

Perfekt design, eller langt på vei til eit perfekt design - eg strebar alltid etter å lage det bedre. Små justeringar vil bli gjort heile veien og har du tips eller anna så skrik gjerne ut - sympatisk som eg er, så er tanken at alle kan vere med på å bestemme korleis det som burde vere deira startside skal sjå ut!

Eg ser meg ikkje tilbake
og velg å kun poste bilde av dagens design sjølv om du har det mitt i trynet uansett. Er du fornøgd med designet eller er det noko eg burde endre på? Eg kjem til å prøve ut å endre effekt på meg sjølv frå negativ til kanskje noko anna - stay tuned! Syns du at ved sidan av å vere fantastisk grei, så er tinekatrine fantastisk god? tinekatrinetinekatrinetinekatrinetinekatrine

headerprntscrn

ny blogg eier.

jeg vill bare fortelle alle sammen at fra nå av styrer tinekatrine denne bloggen.
muahahahaha!!

Photobucket


neida
- vebjørn, jeg skal slutte å snoke i bloggen din nå, ikke bli sur på meg!!

Surf Porn

Eg lovde bilder - ingen kunne vente - bilder kom - alle sikla.

Meir av Australiaturen kjem seinare, bildene er kun ute tidlig for å tilfredstille behovet alle, då spesielt Maren, har for bilder av meg. Eg vil frå januar 2009 halde surfeskular på Manly Beach, Dee Why Beach og Little Narrabeen - er du interessert finn du prisliste og kontaktskjema unde bilda.

Har du nokon gong sett noko heitare?

pa160170

dsc9313 copy

dsc9343

dsc9450

Prisliste surfeskule 2009 (prisane inkluderar alt og står oppgitt i norske kroner. Prisen i parantes er alternativ betaling)

Beach safety 60 min - 175,- (partypakke med TimTam)
Surfeteknikk på land 120 min - 200,- (årskort på The Upper Crust med ubegrensa kjøttpaiar)
Surfeteknikk i vatn 120 min - 250,- (partypakke + årskort)
Massasje etter surfing 60 min (fem surfetimar nødvendig først) - 500,- (her er kun cash godt nok om ikkje anna er avtalt)

Eg venter på deg i enden av din drøm

Eg såg et kvitt lys i midten av ei ellers svart natt
Det var som om det sang det som ellers blir sagt
Og det brant over ryggen når han sang sin song
Eg har en nøkkel rundt nakken i et silkebånd


God morgon.
Takke vere Kaizers og eit komplett iPod har eg sove kontinuerlig i natt til tross for at orkanar har herja - noko som først vil få konsekvensar for meg når eg ser at bilen ute er vekke, huset har flytta på seg og det er vatn til godt opp på låra uansett kor eg er. Sjølv om eg har ein iPod som kan settast på shuffle og tilfredstille med sangar på løpande band, så kunne eg levd på Kaizers i høst, derav litt Kaizers i dagens første innlegg òg.

No ser eg fram til ein dobbel fritime og idrett - har du ein dag som er mulig å komme ut av i live? Hold deg i live og du vil i kveld få sjå bilder som vil ta verdsveven med storm og sprenge alt som finst av grenser - det er nemmelig klart for heftige surfebilder i ei finfin våtdrakt - fire it up!

Som en halvmeter spiker gjennom asfaltvei
står han støtt som et fjell, som en statue så og sei
Og i si venste hånd holdt han ei svart skinnreim
Og i den høyre, et kart som viser vei

Så vakker, så brutal

Når høsten kommer
og melankolien har satt seg
spiller djevelens orkester opp til dans,
En forrykende arie,
så vakker, så brutal
som om ingenting har skjedd
river stormen bort
de siste farger.


Etter å ha blitt fanga i ein tornado på vei heim frå skulen passar det fint å begynne med haustpoesi frå Mr. Vold. Endå finare er det at Genius-spelelista på touchen fungerar perfekt, torrentlista er der i dag òg, teboksen er fylt opp, eg er smått begynt på å hente dei andre inn igjen i matten, mi nye jakke tåler tornadoar lett, vi ikkje har fleire prøver denne veka og det er fyr i ovnen. Veit du om noko fint?

Resten av kvelden har eg tenkt å drikke te, sjå dårlige seriar på MTV, høyre på Kaizers, Foals og Maxïmo Park, gjere ei oppgåve til i matten, sjå United-kamp og ete TimTam.

Framstår eg som veldig sofistikert som drikker te?
Kva skal du i kveld?

Når du skinner er du vakker

Høst kan vere fint. Ute har det vert mørkt sidan eg kom heim i går kveld og ute regnar det kattar og hundar (er det ein klisjè eller kun eit ræva uttrykk?). Inne er det fint derimot. Eg ligger på baderomsgulvet med 'ny' pc, ein stor kopp te, oppdatert iPod med nye applikasjonar og torrentfiler på vei ned like heftig som regnet ute. Eg ser og ut til å kunne utsette støvsuginga av baderomsgulvet med eit par dagar ettersom eg har samla sammen alt kun ved å ligge her - merkelig.

Tar du meg med på Timbuktu og BigBang konsert før jul?

torrent

Men når du skinner. Når du skinner er du vakker
Da får du igjen for å ha gått i motbakker
det er lett å ta takken når du vinner

Ikkje nok med at eg ny musikk nok til å høyre kun halvparten før Hovefestivalen begynner neste år - eg slapp unna historieprøva på skulen i dag. To prøver kom og tilbake - ein finfin 5-ar på matten og ein ok 3-ar på spansken. Det er fint å overdøve tsunamien ute med melodiøs Kaizers musikk frå ein ny og fin iTunes og Dagfinn Lyngbø på YouTube.

Har du sett Fritt Vilt 2 - burde eg gå og sjå den?

Hello Norway

Oppmøtet på Flesland var dårlig - eg blei møtt med verken flagg, kake eller sang, men viktigast av alt - eg er tilbake!

Tre filmar, fem serieepisodar, fire fly, eit Starbucksbesøk, eit sjukehusbesøk og to timar Radio1 - i alt 45 timar - etter at eg reiste frå 30 grader, australske kjøttpaiar, strender og Gloria Jean er eg komt heim.

Temperaturen er betydelig lavare, vinden er surare, asfalten er dårligare og alt er mørkare - eg treng vel ikkje å presisere tydligare at eg meir enn gjerne hadde forlenga Australia-opphaldet? Kanskje er det tanken på at eg i morgon skal ha ei historieprøve og få igjen spanskprøva frå før ferien, at snowboardsesongen er månadar unna eller at alt bere kjem til å vere mørkt som styrkar ønske mitt om å leve eit 'australskt liv' ei stund til [les: for alltid].

Eg er tilbake verken sterkare*, høgre eller dristigare, men derimot brunare, fattigare og meir laid back enn før.
*Jo, eg er faktisk tilbake litt sterkare. Litt fortjeneste må man ha etter timar i kamp mot eige surfebrett, bølgjer og haiar, og turar med to trekkhundar.

Som ein faktor av at eg er heime fattigare enn kva eg var då eg reiste har eg med meg nok TimTam og macadamianøtter heim til at eg kunne bygd operaen i Oslo i ein realistisk størrelse med kun sjokolade!

Skvist saman til kun eit avsnitt så har Australia vert fantastisk - det å bu med søstra mi, kjæresten hennas og familien hans, og ikkje på hotell gjorde alt ekstra supert. Eg er allerede i gang med å spare til ny tur - det burde du òg!

Eg er kjempe keen på å lese meg opp igjen på bloggar eg har følgt med på før eller nye som eg har gått glipp av dei siste vekene, så legg du igjen ein kommentar kjem eg innom og oppdaterar meg.


Eg kjem tilbake med bilder og musikk frå Australia seinare, men kan allerede no lokke med strandbilder avbilda i ei ekstremt tettsittande våtdrakt - stay tuned!

You my sweetheart

Australia for i aar naerma seg slutten. Eg er framleis i live, sjolv etter gaarsdagens surfing i altfor store bolgjer med eit altfor lite brett. I dag var vi paa graduation - seremoni i kirka paa skulen og cocktailparty i hagen. No er vi paa vei ut for aa ete og eige New South Wales. Kva skal du i helga?

All of us, we're going out tonight / We're gonna walk all over your cars
The Kooks are out in the streets / Oh were gonna steal your skies

Champagne and a beautiful sister

maria

Surfing with sharks

G'day mate! Want to come over for a barbie? I'll bring some schooners and invite a lot of sheilas over. We could also play some aerial ping pong and laugh at some drongos. It will be fun. Abso-bloody-lutely!

Neh, vi skal ta det lettare fraa no av. Full dag i Sydney - gikk til innkjop av eit par jeans, eit par t-skjorter, ei skjorte for fredagens graduation og eit par goggles. Nei, ikkje kun eit par goggles - the goggles. Pappa kjopte nytt objektiv, men vi fant aldri fisheye her. Hadde vert superkult aa faatt tak i ei snart. 

Strukturert som eg er saa har alle band som maa sjekkast ut naar eg kjem heim blitt notert paa touchen, ikkje mindre enn 25 band virkar lovande. Har du hoyrt nokon bra band i det siste? 

Det blei eit kjapt innlegg med avsnitt overalt og null djupe tema. Bere vent til eg kjem heim - daake vil faa servert lektyre djupare enn alt daake nokon gong har vert borti. Eg fant forresten ei bok i dag, siste av Nick Hornby. Kva er den siste boka du las?

Litt av det som ventar meg i morgon. Ekte?


No worries

"Don't worry about the world coming to an end today. It is already tomorrow in Australia."

Egentlig har eg masse aa blogge om, mange bilder aa poste, ein heil haug med musikk aa vise og plenty med bloggar eg vil innom og kommentere paa, men med noko som skjer heile tida saa blir blogging nedprioritert den neste veka og. 

Australia er topp - TimTam har aldri smakt betre, sola er paa plass, surfing er knallmoro, maten superb, menneska like super som maten og alt halvpris av Norge! I dag var det turist-dag til blant anna Palm Beach - du ser kanskje paa Home and Away? I morgon blir det surfing i Manly og sleiking av sol paa stranda. 

Fire ol og ei brus for 75 krone til lunsj i dag - kva ville det kosta i Norge?

 

surf.jpg

 

A thousand miles from care

Manly - seven miles from Sydney and a thousand miles from care.

Om ikkje tidenes kjappaste innlegg, saa i vert fall eit kjapt. Akkurat komt heim fraa resturant - perfekt pepperbiff og eit par dessertar. Andre dag med surfing og fremdeles i live - paa den andre sida ei rod nase og omme kjaka, men eg er klar til aa ta over trona fraa Layne Beachley.

I morgon blir det tur til Bondi, surfemetropol og Australias kanskje mest kjente strand! Ny cd blei kjopt i dag, Australia har masse bra musikk - har du hoyrt noko her i fraa? 

surfVintage.jpg

Planet Surf

Det vart Manly, men lite strand i dag - for det meste butikkar, mat og paraden til Manly Sea Eagles som vant aarets 'cupfinale' paa sondag. Med tanke paa at skulane har to veker vaarferie her no, saa er det masse folk i gatene og stemninga er stor. I morgon av derimot startar strand- og badelivet for fullt! Har bestemt meg for aa gaa veien mot pro surfar via eit par surfetimar paa Manly Surf School. Ha trua paa meg og eg skal eige alt av Northern Beaches med surfemoves aldri sett sor for ekvator! 

Har du provd aa surfe for?
Kunne du tenkt deg aa provd fallskjermhopping, strikkhopp eller andre ting?

manly_wideweb__430x289,0.jpg

Can't you hear the thunder?

Paa vei ut, men ein liten trang til aa holde bloggen i live. I dag blir det nok stranddag i Manly, men lite bading. Havet er kaldt, men satsar paa aa teste badetemperaturen meir naar det blir tid for surfing. Polaroid- og digital kamera blir med, saa om det ikkje blir posta saa mange bilder mens eg er her, saa kjem dei naar eg kjem heim. Skulle du vere lei graae, kalde, sure, gamle og kjedelige Norge kan du ta ein Maren og sette deg ut for aa ete frukost, sjaa YouTube-videoen under eller best av alt sjaa Crocodile Dundee - alle tre er spinnville (Mariel).

Har du nokon gong blitt utfordra her paa blogg.no?
Syns du eg burde ta utfordringane eller er dei kjedelige?

Men At Work - Land Down Under


Livin' in a land down under,
Where women glow and men plunder,
Can't you hear, can't you hear the thunder?
You better run, you better take cover.

Walk in the park

Etter 24 timar, to filmar, ti seriar og 250 000 dollar i poker er eg endelig landa down-under. Store ting skjer i Manly for tida - i gaar vant Manly Sea Eagles 'cupfinalen' i rugby og med siste dag paa aarets jazz festival er det lett aa forstaa at stemninga er paa plass. Litt dognvill blei dagen i dag brukt til jazz og shopping i Manly. Med ei gate som den under, kor du finn Surfaction, Quiksilver, Billabong, Ripcurl, Elements og meir, er det faktisk mulig aa bruke eit par timar. Seinare var eg paa tur med hundane til sostra mi og kjaeresten hennar, to sibirske huskyar - 'min hund er sterkare enn din hund'.

Er du paa tur i ferien?
Kordan er Norge?


corso

Leaving Bergen City

Første destinasjon ankommet. Åtte timar, ei fergesvele og utallige blikkstille vatn omgitt av trær pryda i haustkolleksjonar etter at eg sist tok avskjed med det sikre, gode og trygge er det på tide å innta den sentimentale rolla igjen. Godt satt på spissen og kanskje på grensa til melodramatisk, i vert fall med tanke på at eg, forhåpentligvis med 30 grader og knall sol på slep, er tilbake om to veker. Her er det ikkje tatt hensyn til sjansane for at eg skulle bli dyrka som surfegud, jakte på eksotiske og ikkje minst ekstremt farlige dyr eller at eg skulle bli altfor glad i Stabucks og australske kjøttpaiar så eg finn det like greit å bli værande Down Under til det er badetempraturar her òg.

I morgon tar første fly av 07, og landar i København ein time seinare. Kanskje blir det blogging frå Danmark eller Singapore. Det einaste som er sikkert er at eg ikkje kjem til å spele død medan eg er i Australia!

Kva er din drømmeferie?


I dag har mamma kjøpt brødkake, så sjølv om ho skulle vere på grensa til umulig dei to neste vekene, så går det nesten opp i opp.

Har du ei favorittkake?

R.E.M. - Leaving New York

It's quiet now, and what it brings, is everything
comes calling back, a brilliant night, I'm still awake
I looked ahead, I'm sure I saw you there.
You don't need me to tell you now, that nothing can compare

Bill.mrk: Pakkehjelp

Ein tom koffert. Ein tom koffert som i løpet av kvelden helst skal vere klar til å sendast frå Bergen innom København og Singapore før den forhåpentligvis kjem fram til Sydney. I den anledninga kan nettopp du bli verdifull her i kveld - som pakkehjelp. Om du i tillegg er ein kløppar til å massere så er eg solgt!

Det blei klassebilde i år òg - har du tatt? Og ein super mulighet til å teste kven som har lest bloggen og sett bilder i tidligare innlegg; Kor er, kor er, kor er Vebjørn?

klassebilde

Let me be

Det er på tide å rulle inn puppen, snurpe igjen smela og dra seg baklengs inn i fuglekassa. Eg ser ut til å overleve Helvetesveka, men det gjenstår å begynne på ei tolking av norrøn lyrikk og pakke til Australia. Kvar for seg burde det vere to enkle utfordringar, men når begge to helst skal gjerast innan ein tidfrist er det grunn til å begynne å lure. 21 begynner Deportivo - Brann, ein kamp som eine og åleine kan avgjere utfallet av Helvetesveka.

Har du fått noko ut av høstferien din?
Eller er du ein av dei som ser fram til ferie neste veke?


Xavier Rudd - Let Me Be

Let me be now oh oh let me be cause
I want to be free now ow ow free to see the world


Oktoberfest

Dag 3 av helvetesveka er snart fullført. Irrasjonale likningar og bevisføring gikk langt betre enn frykta. Kjemi, fysikk og matte fullført, dermed kun spansk igjen. Nei vent, sjølvsagt er det putta inn ei norsk innlevering til fredag. Kor var du når Hobbiten blei vist? Vi åt Snickers-is.

Andre utfordringa i dag var uthaldstesten på slutten av langdagen. Cooper-test - 12 minutt, svett og slevande rundt ei idrettsbane med Timbuktu på øyret for å pushe.

Har du hatt uthaldstest i år?
Kordan trur du min Cooper-test gikk?


På vei heim overhøyrde eg to som diskuterte dagens vanskligaste dilemma. Det omhandla verken finanskrisa eller Pytagoras-setninga, men om kva som skulle prioriterast av FK Zebra og Grease - TV 2 og TVNorge. For min del er saken grei - Champions League og det som er siste rest av TimTam før eg reiser til Australia og hamstrar med meg heim.

Det perfekte hadde vert å avslutta med eit poestisk bilde av ein Vestlandsfjord omgitt av majestetiske fjell, grøne fjellsider og på toppen av alt - ein rosa oktoberhimmel. Eg har ork til å hente kameraet, men etter det ville eg hatt null energi å bruke på å putte eit bilde opp her. Eit lyrisk avsnitt seier meir enn eit undereksponert bilde tatt i hast fullstendig blotta for sjarm og særpreg. Eg sjokkerar på ny, og postar eit bilde frå i sommar!

jotulshaugen
hits