desember 2008

Around the piano

2008, champagnekorkar, rakettar og bukseselar er på vei til å gå i lufta - Quality Street, julebukkar som syng om vørterøl og finfint selskap toppar det heile, eg er klar for 2009! Er du? Godt nyttår!

May we all have our hopes, our will to try
If we don't we might as well lay down and die
You... And I


Med tanke på at Bush har 20 dagar på seg ser 2009 ut til å bli bra, du har 365 på å gjere det du vil med det kommande året - bruk det!

bush new year

Sharing the night together

Eg drømte om Slagsmålsklubben og champagne - det vart som vanlig eit aldrande countryband som sang om Creedence's bomulljorder og ein gitarist, større og svettare enn alle andre på dansegulvet, som stod midt på det og briefte med soloar som ville fått sjølvaste Knopfler inn på tanken med å sette ein nyttårsrakett i halsen. Apropos nyttårsrakettar kom pappa heim med nokon i dag - lite kul han då. Litt kul (han fiksa tross alt nye snowboardbindingar), men ikkje akkurat der. Til tross for fraværet til SMK, kun pølsebrød og sennep til salgs (for free) og eit par rølpar som lett endar opp med traktorsertifikatet og jenta dei fant i ei busk, vart kvelden super takka vere Mariell (thank you, fresh hue), herlige stalkers, heimvendte svikarar og dei som alltid er der!

Mariell bad om Dr. Hook heile kvelden, fikk det aldri og må nesten få det her..

She was only sixteen, only sixteen / But I loved her so
But she was too young to fall in love / And I was too young to know




Ein av dei nevnte stalkers, Laura, fikk eg klar beskjed om å skjerpe meg frå - det kunne ikkje ta månadar mellom kvar gang eg kom med noko a la The Twist av Frightened Rabbit.
Derfor... Malcolm Middleton. Ikkje like gira som FR, men fantastisk god - sjekk han ut!

Now this is our final December

And your love has come too late
Away from the garden gate
Wake me up when the blue bells are ringing

I dag (ikkje dei typiske 'i dag'-innlegga) er ein slik fin dag - tur med hunden og Patrick Wolf vart ein perfekt start på dagen, Kanye West var kanon då ny rekord på Cooper-testen vart satt på tredemølla og lite slår vel å spele coverlåtar av The Kooks og Queen før eg er på vei ut?


And your love has come too late
Now wave to the garden gate
Wake me up when the blue bells are ringing

Aller helst skulle eg sett at det vart spelt Slagsmålsklubben i heile natt, men sjansen for det er heller liten og vi er nok stuck med eit countryband ingen har høyrt om eller fattar interesse av. Hurra. Gje oss ein cd-spelar og Slagsmålsklubben! .. og The Aller Værste! Kva gjer du i dag og på nyttårsafta?

Det er ikkje tvil om kva som er neste års mooves i vert fall!

Wanna hear them ringing, my love
Wanna hear them ringing
Ringing...

Eg reknar med at det ikkje er tvil om kven han er?


nickcavepolaroid

Another year over..

Joda, 2008 har vert supert - året starta med Fjellsportfestivalen og Postgirobygget i Sogndal, Hemsedal og tur til England og tre fotballkampar kor det heile toppa seg med ein 3-0 seier til United over Liverpool. Vidare vart det stille på action-fronten og første året på vidaregåande vart fullført slik eg ville ha det, med ein femmar på eksamen då resten av landet hadde tatt sommarferie. Sommarferien vart spinnvill - det starta med Judas Priest i starten av juni og følgte på med Foo Fighters på Koengen, The Boss, Bruce Springsteen, på Valle Hovin og Turbonegro før det heile vart avslutta med ein kanonkonsert der det heile starta, på Koengen, med Metallica!  Sommarferien vart avslutta med eit søk i gamle saker kor blant anna eit polaroidkamera dukka opp, ein helikopter-tur og ei langhelg på Tall Ships' Race i Bergen. Skulen starta på igjen og i oktober reiste eg to veker ned til søstera mi i Australia på hennar graduation samtidig som eg prøvde meg på å ta over trona som tidenes surfegud. Eg kom tilbake, så vi skjønnar alle korleis det endte..
Dei siste månadane av året gikk stort sett med til det ekstraordinære livet mitt på skule og jobb. Og for andre gang i år vart det sunge shantyar saman med Storm Weather Shanty Choir før vi no i desember kunne starte årets rekordtidlige snowboardsesong.

2009 ligg an til å bli minst like bra!
Forhåpentligvis startar det med ei helg i Hemsedal allerede andre helga i januar, og ein snowboardsesong som vil vare i fleire månadar framover. 17. mai neste år fyller eg 18 år, så forhåpentligvis vil lappen vere i boks til sommaren, og gjere den komplett saman med AC/DC- og Coldplay-konsert og nokre festivalar. Snakkar vi Hove, Roskilde, Øya og/eller Glastonbury/Reading/Leeds? Saman med vassing i konsertar, festivalar, bading og vennar vil det bli jobb som skal ta meg inn i siste året på vidaregåande og sende meg på klassetur og drømmen om å feire jul i Australia igjen!

Kva hugsar du best frå 2008?
Kva gledar du deg mest til i 2009?

Hot Love Drama

Er det mulig å få mindre ut av døgnet enn kva fasiten er etter dei siste 24 timane? Joda, eg har laga middag, vert med kameratar, støvsugd, gynga til The Management, vunne eit par kampar på FM, funne ut korleis eg skal komme meg ut i morgon, men det held liksom ikkje. Skal alle dagar gå like slapt som dagens, noko dei ikkje kjem til å gjere med tanke på at det er fest i morgon og årsskifte på onsdag, kan det like godt bli slutt på ferien for min del. Negativ sa du? Neidå, bere stoka på å finne på noko. Og litt rastlaus. Og litt likegyldig. Og trøtt. Ferie ei veke til? Herlig! Er du klar til å begynne på igjen, eller samlast det krefter fremdeles?

when I was younger
life was all magic
everything fell in place
but i still worrie
worrie for hours
imagining the life we are in
without asleep
but you came and you saw
and you spoke and i call the most fears
but not all
and you stop and ill fall
and i love her and i dont
and you think that im foolish
stop the kids stop the love

Please ikkje hold noko i mot meg når eg i mars krev rekordtidlig sommarferie..


Kva band vil du sjå i 2009? Har du sett Datarock live før? Om ikkje, gå for dei!

My name is Tristan

.. And I am alive!

I dag (oh yes, 'i dag'-innlegg) har eg vert på fjellet med dei kule, ho fine, eit par randoms og nokon andre.
Eg har drukke Solo (Solo is it, Julie), tweaka grabbar, høyrt på Patrick Wolf og helsa årets siste lyskestrekk velkommen etter å ha stått med ein t-krok mellom beina i altfor mange timar. Gondol next please.

I tillegg til å ha kosa ræva av meg, som dåke ser, har eg sjekka bussruter til Hemsedal, bestemt meg for å legge om latteren min, sitt på stjerneskudd (tha real stuff), rota med vekedagane og raida ein bensinstasjon.. på den vennlige måten.

Søndag (jee, eg har funne ut at det er søndag) er fint, og ekstra fint er det at vi får over ein månad meir på brett i år enn i fjor! Kva er planane dine før ferien er slutt?

Har du kontroll på vekedagane i ferien?
Eg vil kalle det nesten autistisk å ha full kontroll i ferien.

Keen på ei 2008-oppsumering, eller skal eg la vere?

.. sjekk uansett ut YouTube-linkane!

I'll kill my baby with a .45

Good afternoon ladies and gentlemen, this is the captain speaking.
.. julebruskongenlatter

Fire timar på jobb er fullført og eg er oppe i 52 timar denne månaden - det held ikkje til å matche kva Ida håvar inn, til å finansiere det kommande året eller å sei opp jobben og tru eg kan leve på Koengen neste sommar - det skal uansett bli ein fin start på 2009.

Eg går på kino, og bloggen får leve sitt eige liv fram til eg er heime igjen.

.. på akkurat same måte som Mr. Zombie under. Er Max Manus bra?



Life is easier when one of us is dead
Heeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeeey
I will wait a year .. you go

Kvelds for fem

Helligdagane nærmar seg overstått - nettet florerar av treningstips, slankebloggane (og alle andre) postar innlegg som aldri før og det neste er nok at SATS sender ut dørselgera og krigar med Frelsesarmeen om god-dagane. Det pratast om julefettet, svoren på ribba, nytårsforesett om å trene tre gangar per veke og alt som følger med..

Ein ting er realiteten med at alt som blir putta i munnen må av igjen for at bollekjakane du hadde i 3. klasse ikkje skal dukke opp igjen, magen vokse eller armane henge - noko anna er korleis vi føler oss her og no. Stor-frukosten saman med familien sett standaren, vi følger på med julemarsipan medan vi ser årets must av julefilmar, og inntar både middag og medfølgande dessert før man i det heile tenker tanken på å føle seg oppblåst. Restane av julemarsipanen går ned før ein ny julefavoritt-pakke vert opna. Dei fleste ville her sagt stopp, men neidå - ikkje her. Kvelds kan, og skal, ikkje skippast, og skal man først ha kvelds kan man like godt ete ein skikkelig kvelds. Ni heimelaga grovbrødskjever med jorbærsyltetøy frå den same heimen, ein halvliter sjokolademelk og mengder av ananasjuice nok til å erstatte halve Amazonas - det er ein skikkelig kvelds dét!

Er du ferdig med julematen for i år, eller forsett du som meg inn på nyåret med alt det gode?


happyholidays

Oh what fun it is to see..

Etter å ha brukt eit heilt døgn innanfor husets veggar, der 3. verdskrig var stifta bekjentskap med etter ei runde med brettspel, fant eg det passande å bevege meg ut i det ò store og ukjente utanfor heimen. Andre juledag betyr Boxing Day, Boxing Day betyr fotball - det var klart for å stille på Fjaler Open, fotballturneringa med det tvilsomme navnet. Det heile starta bra, seirane satt laust i dei første kampane, men halvveis skulle det snu og vi karra oss inn til ein godkjent andreplass!

Det gikk frå fotball til meir fotball - frå turnering til tv-fotball.
Boxing Day betyr som sagt fotball og med 20 lag i aksjon frå Premier League i løpet av dagen, skal det litt til for å ikkje få ein finfin siste helligdag! .. ekstra fint vert det når Manchester United tar tre nye poeng og viser seg som dei tittelutfordrarane dei er!

Jingle bells, jingle bells,
Jingle all the way,
Oh what fun it is to see,
United win away - oh!


No skal eg dra fotball litt vidare ved å fortsette ein spinnvill save på Football Manager!

Om du fremleis er med og ikkje datt av etter all fotballen;
- var du ute første juledag?
- har du tradisjonar i romjula?


.. ser du fotball i dag?


treespotter

Labor of Love

Det vart null premie på Flax-kalendaren, ingen levande 'All I want for christmas is you' og heller ikkje noko gavekort på ein Robinson Crusoe-ferie - eg er uansett strålande fornøgd! Eg styrte unna dusjsåper frå Adidas (fikk frå H. Boss), boksera frå Cubus (thanks for ønska sportsboksar og Quiksilver) og Monday-Sunday sokkar frå H&M (dei heimestrikka og Element & Billabong var supre) - det kunne knapt vert betre! .. men joda, betre skulle det bli!

Under treet, merkelappa til meg, låg det alt frå klær, pengar, parfymar, film, herlig lektyre, dvd'ar og anna moro.
Av foreldra til kjæresten til søstera mi som oppheld seg i Australia fikk eg tidenes råaste DC t-skjorte! .. eller tidenes råaste Pink Floyd t-skjorte om du vil!

jul01

Det kom endå ei stilig t-skjorte frå Australia - Clockwork med eit stilig festivaltrykk!

jul02

Snowboardjakke var meint å vere ein presang frå mamma og pappa, men på grunn av kjøp av ei Burton jakke, Volcom bukse og Burton Moto sko i Bergen vart mykje av utgiftene dekka der - julas finaste presang og vinterens kulaste jakke?!

jul03

Å ha ei søster i Australia er ingen dum ting, og takka vere ho er eg no ni pakkar polaroidfilm rik - fuck Flax-kalendaren, livet mitt er komplett.

jul04

Som om det ikkje var nok med vinterens kulaste jakke, ligg det bra an til å han vinterens kulaste hue òg! It's always snowing somewhere dvd'en eg kunne strekt meg langt for få tak i og Hell Ride som virkar litt kul.

jul05

Etter kva som vanligvis er vanlig her på bloggen må dette kunne kallast ein overkill av bilder i innlegget og Pondus-dag for dag kalendaren eg sjølv hadde sikla etter og enda opp å blant anna kjøpe til pappa, parfymane, voksen, joggeskoa frå Mizuno, resten av kleda, bøkene og blada som var ønskt vert kun omtalt! Omtalt eller bilde - eg er svært fornøgd.

Fint var det at 99 % av pakkane var ting som traff bra og at pynte nissar, boksera som 'Single & Sexy'-bokseren frå i fjor aldri kom til meg i år!

.. no har det seg sånn at 'Single & Sexy'-bokseren ikkje var så kul, det har ikkje noko med at ingen av delene stemmer. Kva var det styggaste du fikk i år?

Julafta er over, men jula er langt i frå slutt - har den vert fin så langt?

Det vert ikkje jul utan..

For nokon kjem ikkje julestemninga utan snø, andre må vakne til ein julesokk og følge opp med ein tv-maraton gjennom Walt Disney, julestjerner og anna som sikkert er moro, medan enkelte går heile dagen før den spontant kjem under enten kirka, maten eller pakkane som følger. Gløym det - snø har vi ikkje, men dei andre punkta går vi gjennom, uansett vert det ikkje julestemning av den grunn - her i huset vert det ikkje jul før hunden et eit kilo sjokolade!

År etter år skjer det, Nidar-favorittar, posar med nissesjokoladar og hjertemarsipan på boks - alt går ned!
I år, som i fjor, var det eine søstera mi som fikk unngjelde. Julesokken var kun eit par timar gammal då hunden, ein ellers rolig og fatta Flat Coated Retriever, ikkje såg noko hindring og gikk rett på julesnopet, utan å ofre ein tanke på innpakking og sjølve sokken. Igjen låg det noko stoffet frå julesokken og jula var ringt inn i huset!

Graut og kirke er gjennomført - no vert det pinnekjøtt, sjokolademousse, nepestapp, pakkar, Lerum julebrus, juleskum, julesjokolade, meir pakkar, moro, brettspel, besøk, jordbær og meir dessert - god jul!


Kva må du ha for at det skal vere jul?

Feliz Navidad

Eg er dressa opp i strøka skjorte frå arvust og jenas frå Nudie Jeans, den nye parfymen er tatt i bruk og dagens første polaroidbilde er tatt - ingen kan sei noko på at julafta ikkje er nokon stor dag. Første pakke er opna og allerede tatt i bruk - sokkar frå Quiksilver og barberkrem frå Body Shop sørgar for at det ikkje bere er skjorta som er strøken..

Tv'en har allerede stått på eit par timar, og saman med ein julesokk og medfølgande mengder snop og ein liter ananasjuice er årets første julefilm sett - er det ein film du ser kvart år?


Polaroidbilde og meir moro kjem seinare - god jul!

- skjult YouTube-link

Kvifor feirar vi jul?

Pakkar er komt under treet, huset luktar pinnekjøtt, familien er samla og brente mandlar vert knaska over ein lav sko, men vi drar det heile vekk frå julestemning eller ikkje og ramsar heller opp kor fint eg har hatt det i dag.

Eg vakna til tomt hus, og i fred la hunden, Tommy Tokyo og eg ut på tur. Hunden var sprek, Tommy i form og eg ikkje noko dårligare. Heime vart Mormors Sjokoladeflarn frukost nummer 1 før den siste timen før jobb gikk med til ein tur på kafè der dagens andre frukost, baconburger & cola, vart eit faktum.
På jobb gikk det i julesjokolade, julesang og julestress hos andre enn meg sjølv - fint.

Heime er siste søstra mi komt heim frå Australia for å feire ei kvit jul.. eller ikkje.
Eg vart umiddelbart seks polaroidfilmar (stay tuned), ein Joop! Homme parfyme og eit Volcom belte rikare - gløym julafta, eg kan klare meg på det!

Korleis vert dagen din i morgon? Walt Disney, kirke, graut, pakkar, familie?

Som alle dagen før dagen-innlegg burde innehalde, innheld sjølvsagt dette òg ei julenøtt..

Kvifor feirar vi jul?
- då er det kaldt ute
- eit barn vart født
- då kjem nissane

Ta resten av quizen her.
Score?

Dashing through the snow

Treet er pynta, fleire presangar pakka og Mormors Sjokoladeflarn fungert som frukost - 23. desember. Lille julafta. Nissane i vinduet ser feilplasserte ut, julestjerna i karmen er ikkje anna enn plastikk og det einaste som bringer eit snev av julestemning er den nostalgiske speledåsa som vert trekt opp i eit sett og lirar av seg ein 150 år gammal julesang.

Eg fortsett som det maskineriet Mr. Kaizer og hans Konstanse har skapt meg til og køyrer null Walt Disney forberedelsar, men tar hunden med på tur og et endå ein frukost på kafè før eg leverar ein siste dag på jobb før jul!

Er treet pynta hos deg? Kva er det finaste du har på treet?

julekuleaus

Kom igjen, ikkje dra ein 'fuglane på toppen', 'stjerna' eller noko anna - legg korta på bordet og gå med på at julekula du no burde ha skaffa deg er den finaste?!

julekule

Jingle bells, batman smells,
Robin laid an egg;
The Batmobile lost a wheel,
And the Joker got away - hey!


.. akkurat så mykje julestemning har eg

La det sne, la det sne, la det sne..

'En jul uten sne er fattig' syng Nora Brockstedt. Nora vart født over 50 år før global oppvarming var eit tema og derav hadde ho aldri bekymringa om drømmen om ei kvit jul som Irving Berlin kom med i 1940, året Franz Rademacher foreslo Madagaskar-planen - håpet Nazi-regjeringa hadde om å kunne gjere Europa jødefritt ved å sende alle jødar til Madagaskar.

Fattig eller ikkje, her finst det ikkje julestemning - rommet lukar ikkje like mykje nellik lenger, Flax-kalendaren er kjedelig og medfølgande fuglar gjer ikkje meir stemning.
Eg har vert på jobb, omgitt av julesjokolade, julepresangar, julesangar og julish all the way, men framleis manglar det noko på julestemninga.
Er det snøen?!

Betre er det ikkje at yr.no melder 3 varmegrader og regn fram til og med onsdag, men som Nora avsluttar med; 'hva kan vel jeg gjøre med det?'; ingenting, eg lar den 24. komme, lar nellik vere nellik og satsar på at eit pynta tre, fullt hus og pakkar plassert under treet vil overskygge eit fraværande julevær (oh yes, det finst knapt eit ord man ikkje kan putte 'jule'/'jul' framfor).

Korleis vert været hos deg? Får du snø fram mot jul eller på julafta? .. sjekk yr.no
Kom med eit ord det ikkje er mulig eller passa veldig dårlig å sette jul/jule-ish framfor?!

Dans på pudder

Stammefolka i Det virkelige folket klarte seg bra med lite, Ishmael Beah overlevde Afrika på sitt verste og overlevde utan noko - her har det òg, i ein litt mildare variant, vert ein test for å gjere det beste ut av situasjonen! Klokka ni, ein halvtime før eg skulle vere på plass for å reise til bakken drog eg meg opp av senga til slumringa som allerede hadde vart i ein time. iPod vart røska med, gogglesa la krona på bagen og eg var klar..

Ein time seinare seinare var frustrasjonen der!
Høgrefoten var festa til brettet og kun venstre gjenstod då bindinga rauk - alt knakk og årets første tur på brett såg lite lovande ut.. Eit brett som vart klargjort først i natt då brettet vart preppa halv tolv i går kveld. Eit par-tjue snurrar gaffateip og nokre stripsar etterpå var redninga komplett - bindinga hang saman og dagen vart fantastisk med løyper for seg sjølv, Solo & sjokolade, varme, herlige klær og goggles som gjorde eit småruskete føre til å bli ein dans på pudder!

Eine søstra mi er komt heim.. utan brett, men i ein ellers ganske god shape - har du fått nokon heim til jul? Eller har du reist heim til jul?


jolster

Parum pum pum pum

Åtte timar på jobb er fullført - bøker, plater og leikar er pakka inn, band er splitta, kakao og te drukke som aldri før og julesangar nynna med til. Eg er trøtt - det masast om rydding av rom og vasking av bad, men aller helst vil eg koke opp ein liter med vatn, skru på gulvvarmen på rommet og høyre på Glasvegas og Nora Brockstedt i visshet om at morgondagen vert fantastisk!

Det vert, til tross for ei værmelding som er skifta til yr, årets første skikkelige tur på på brett i morgon!
Kameratar er samla, bilar er skaffa, jobb er fiksa og det ligg an til å bli den perfekte innledninga på jula for min del! Det einaste som manglar er eit preppa brett, men med Solo, kanon gjeng og snø kan ikkje ting låge an til å bli betre - bortsett frå eit par som gjerne kunne vert med òg.

.. som eg vil vert det - Glasvegas & Nora, take me home!
Kva gjer du i kveld?

Frå kva julesang kjem tittelen på innlegget?
- google et cetera er ikkje kult

School's out for winter

Langt mellom innlegg fylte med digresjonar drøye nok til å stoppe adventstida heilt opp, finurlige setningar til å stille sjølv fanden mot veggen og djupe tankar til å gå melankolien ein høg gang, seier du? Ja, innrøm eg.

Dei siste dagane har det som kjent gått i eit med juletrefest, tur til Bergen og anna kos, alt komponert av herlige vennar, blant anna ei av dei, om ikkje den, herligaste! Frå 'studiedag' i Bergen bar det til volleyballturnering siste skuledag - ein ok andre plass vart eit faktum etter å ha gått ubeseira heilt fram til finalen mot alt av elevar på veien og ein leksjon i volleyball mot lærerane i semifinalen. Siste skuledag vart avslutta med graut (der det heile vart ein hard kamp for å få sukker på grauten når man plasserte seg ved sidan av ei som drakk sukkeret - fine kostymar hadde dei då) i og utlevering av ein finfin 5- på fysikk-tentamen.

I morgon, som i dag, vert det jobb, men eg klagar ikkje med tanke på å kunne hente inn igjen dei par-tre-åtte tusen som gikk ut i Bergen.
Søndag derimot håpar eg på å kunne få det til på jobb slik at det vert årets første tur på brett med kameratar - ikkje bere vert det kameratar og moro, det ligg òg an til pudder!

No er eg heime frå trening, trykker i meg nasjonalretten bacon og lovar å avslutte 2008 forrykande inni mellom nysnø, lønn og nødvendig slack - kva gjer du siste helga før jul? Finst det nokon tradisjonar?

School's out forever
School's been blown to pieces

Juleshopping, julelunsj, julegøy - jul

Om eg er i live? Åja, og meir om mulig!

Eg er tilbake frå ein kanon dag i Bergen - bølger store nok til å drukne Noahs ark gjorde båten spinnvill, Preben var klar, eg var klar, Bergen klart for oss og det heile vart kanon. Julepresangar gikk som ein leik (det var ein løgn), lunsjen var kvalitet på, kakaoar vart drukke kor enn vi var og julepresangar til meg sjølv var som ein dans på Swag å fikse. For ikkje å snakke om ei ønskeliste som bere veks og veks..
Eg landa på ei snowboardjakke og -bukse, nye snowboardsko (bakken på søndag?), eit par-tre-fire julepresangar og litt stasj. I tillegg vart det tebrød-besøk hos oldemor, slack med eit søskenbarn og prat med mange kjente som dukka opp - alt i alt ein perfekt 'studiedag'! Har du kontroll fram mot jul?

På vei heim kjøpte eg Megafonboka 08 frå ein selgar som prata om alt frå hunden sin, kor tid han kom til Bergen og til kor han skulle etterpå - hyggelig selgar eller ikkje, kjøp Megafonboka 08 for å få god lesing, bilder frå Alexander Dale Oen sin tur til Kina og litt god julefølelse (her er vi tilbake på eit av dei mange tema som vert tatt opp i boka; bruken av juleprefiks).

Every saint has a past,
every sinner has a future
.

Thunderstruck, yeah, yeah, yeah

AC/DC? Oh yes!

Juni er mareritt månaden for mange, eksamenar i fleng og lite fryd og gammen fram mot sommaren.
Vel, her er det motsatt. Eg satsar, om ikkje livet, på at eg kjem opp i skriftlig eksamen til våren og kan ta sommarferie i starten av juni. In that case ventar Brian Johnson, Young-brødrene og resten av AC/DC på å ta i mot meg og fleire tusen andre på Valle Hovin 15. juni! Billettar var ein leik for pappa å få tak i då eg satt i fysikktimen og kokte vatn på 30 grader - han er god.

Skal du få med deg AC/DC enten 18. februar eller 15. juni neste år når dei gjestar Norge for første gang på åtte år?

Livet med juleferie

Du har rett, formelt sett er det ikkje juleferie før fredag, men spar meg for tann for tann, juleferie for juleferie og høyr på kor fint man kan ha det til tross for skuledagar i fleng igjen. Fysikk-tentamen gikk egentlig ganske fint, men det var ein blanda følelse å vere ferdig klokka 11.. Uansett, når man har rekna alt av oppgåver og føler seg sikker på ein god del av dei, er det vel null tema kva klokka er?! Vi går for årets siste femmar!

Etter skulen vart det taco, trylling og julequiz på skulen.
Tacoen var super og julequizen vart ein godkjent andreplass med tanke på at 80 % av spørsmåla blei tippa på. Kven veit då vel kor tid juletrer og julepresangar vart tradisjon i Norge? Tryllinga må nevnast - kva er sjansen for å trekke ut akkurat det kortet i ein kortstokk du blir bedt om å trekke på eit forsøk? Joda, 1/52, men kom igjen - noko spesielt må det vere med meg?!

I morgon ser det ut til å bli minimalt med livsteikn frå meg, torsdag òg for så vidt.
I morgon, etter ein time teori, to timar film, to timar gym og fire timar fri (kor perfekt høyrest ikkje skuledagen ut?) vert det juletrefest på ein hybel og alt skal bli så fint så! Det går rett frå juletrefest til Bergen der siste finish før jul vert lagt!

Har eg det fint, eller har eg det finfint? Har du det fint?


musikkpaviljongen

Mødre har ikkje alltid rett

Morgonen starta som vanlig - alarmen slumra frå kvart over sju og litt over åtte stod eg i dusjen med Bloc Party på dockingstasjonen. Kvarteret seinare satt eg med tekoppen og vokna til triste nyhetar medan mamma prata om jobb til seks, middag, rør i gryta heile veien og pass på melka. Etter nok timar fysikk til å ta livet av Newton og ein køyretime som gikk krasjfritt traff eg på mamma igjen og sa at maten fikk stå på kjølen og at eg gikk for noko ferdigmat. Tull sa ho - maten ville vere ferdig på den tida eg brukte på do og det ville vere ein leik å fikse mat sjølv. Som kjent pleier teori og praksis å gå hand i hand, så for meg var det heilt naturlig å slenge karbonadene på panna og sette på plata for å varme potetstappen før eg tok eit pust frå den kapitaliske verda med litt Fri Flyt lesing over nødvendige gjeremål. Tilbake satt eg med brente karbonader og potetstapp shabby nok til å bli forveksla med [fyll inn ønska bloggar].

Moralen er klar; mødre har ikkje alltid rett - stemmer det?


polmomdad

We can dance in our front room again

For my sweetheart, the melancholic, you have crossed the River Styx
And the waves have taken you away
As I lay my head on your chest, I can hear it in your veins
Wake me up when you come to bed

Skillingsbollar går ned på høgkant (ja, runde som dei er), dusjen har stått på dei siste 30 minutta og Bloc Party vert spelt det dei er god for! Ei finfin avsluttning på ei ellers trist helg - kanskje ein forsmak på neste veke?! Når eg i tillegg er ny-shava, har ein god trøtthetsfølelse og gårsdagens polaroidbilde viste seg å ikkje vere like mislykka som først antatt er det umulig å ikkje sette pris på at det er to dagar igjen før eg kan køyre hæla i taket, bli med på juletrefest og ta ein lettkjøpt 'studiedag'. Faktisk er det så fint at plastikk-julestjerna i vinduskarmen blenkar litt fint. Hadde det ikkje vert for fysikklesinga skulle eg ofra eit par minutt til å vise kor fint det er med eit haikudikt. Det får bli ein anna gang.

Det ligg an til juletrefest, som det så fint vert kalla, på onsdag, tur til Bergen heile torsdag (anyone!?) og heimkomst for 50 % av søstrene mine på fredag. Kva gjer di neste veke fin?


Don't you know that when you stand, you stand up for the both of us?
Remember that when the darkness looms.. You're not doing this alone


polstar

Det skal seiast at ut i frå kva eg såg gjennom linsa var det så på tryne det kunne bli. Eg ser ikkje greinene som egentlig stakk ut til venstre i bildet her, og ikkje fangar det opp halvparten av stjernene heller.. men litt fint vart det då!

Følg min blogg på Bloggkoll..
bloglovin

Frå bølgelengd til sjokolade

Etter 59 kommentarar såg alt rosenrødt ut - julesangane satt laust, sjokoladen dansa på bordet og alle bad om meir nynorsk! På den 60-ende kommentaren skulle det derimot komme ei jente som gravde til seg all sjokoladen, fyrte opp ein allsang med meir klapping enn melodi og som kom med ein klagesalme mot nynorsk og livet generelt.
.. hadde kommentaren bere ikkje komt frå ei som i løpet av eit avsnitt i hennas siste innlegg på hennas eigen blogg hadde klussa med bruken av å/og, ord delings feil, staving og setningsoppbygging skulle eg reflektert over om ho var inne på noko.
Slik vart det ikkje - nynorsk it is and will be, og som ei smart ytra; nynorsk er det nye engelsk.

No har eg pløygd gjennom 100 sider fysikk, men har lagt det til side og funne fram julesjokolade nok til å klare meg resten av kvelden. Eg tar ein times pause frå interferens, fotonenergiar, Einstein, bevaringslover og Newtons lover, og trykker meg ned i sofaen for å få ein følelse av å tilhøyre nasjonen og komme tett på det norske folket. Eg skal med andre ord sjå handball - ser du handball i dag?

sulland copy

Bestem di framtid

Dorthe Skappel fuckar TV2 ein lang vei, men eg lar Alf Hildrum vere Alf Hildrum og fuckar pengebruken til det norske folk i adventstida, klimakrisa og innvadringspolitikken, og tar heller opp eit emne som vil påvirke evolusjonen og det vidare livet på jorda meir enn kva innsettinga av ny president i USA vil.

idacomment

Hei Ida - eg skal verken anslå alderen din, opphavet ditt eller kor du kjem til å ende, men ein ting er sikkert.. Du er ikkje juss-student med tidligare psykologi-utdanning, klar for å slå deg ned på eit gårdsbruk i eit distriskt for å dyrke språk-interessa di.
Større sjanse er det vel for at du er polstra i ei dunjakke, klar for fyllefest på grensa til Sverige (sorry for location, Henrik). Digresjonane endar der og eg peilar meg inn mot kor eg vil og du forhåpentligvis er med på å bli med.

Etter ein rask gjennomgang på listene  på framsida av blogg.no ser eg kjapt at det ikkje er ein einaste nynorsk-blogg.
Synd vil eg sei, og det er ikkje bere fordi eg nettopp burde vere der sjølv. Ida, du er ikkje den første og heller ikkje den siste, om eg forsett i samme stil, som har eller kjem til kommentere målforma på bloggen. Den reelle sanheten er derimot at frykta for å bli utstøtt frå familie, vennar og lokalsamfunn så langt har vert større en lysta på livet som rich and famous. Her reknar eg med det kjem klart fram at det einaste som står mellom meg og total lykke som Timbuktu syng er spørreorda, -ar'endingar og språkpoesi.

Dom ofantligt stora och dom pyttesmå, och jag vet som vanligt inte hur vi ska lösa
eller komma över dom här sakerna som står emellan oss och total lycka.


Så vær ærleg - ser du helst at eg legg språket på bloggen om, eller funkar det supert med ein blogg med litt ekstra sjarm? Sjølv håpar eg at lysta på å lese ein god blogg er større enn konservatismen til å halde på det du allerede er så innøvd og vant med, eller er det ikkje slik?

Ticket to ride

'Hello! Bra stoka rekna eg med - eg tar da for gitt at du e med i bakken i måra?'

Breddeidrett-tentamen gikk supert - 14 sider, 5000 ord og julekaker gikk lett som bere det og håpet om vitnemålets høgste karakter er lov å halde som eit håp.
I dag vakna eg, altfor tidlig til lørdag å vere på grunn av jobb, til meldinga i starten av innlegget. Gleda ville normalt sett vert over kva Aksel Sandemose (oldefar til ei i parallellklassen og forfattar av Jantelova) likte at eit menneske kunne uttrykke, men Aksel kom fort opp frå grava igjen og eg sank ned. Det oppstod gnisningar mellom Newton's lover, interferens, jamvekt og alt anna som måtte komme på fysikktentamen, og ein tur i bakken med kameratar i sol og 2 minus som yr.no melder. Med eit hovud vi alle veit kor aller helst vil vere, men som vert langt unna bakken denne helga, skal det verte spennande å sjå kor effektiv lesinga vert..

Har du vert i bakken så langt i vinter?


Coldplay-billettane kom i dag - kun 249 dagar to go!
 
coldplay

People say its suicide

A-b-c-d-e-f and -g
Oh that reminds me of when we were free
Before life began to tear us apart
Remember those classes when we thought we were so smart


Skal vi ta det fine først?
Femmaren i standpunkt i kjemi vart sikra med utdeling av årets kjemi-tentamen i går, eg drikk gratis te og kakao på jobb, og eg vokna til The Managment i dag. Frå no av går det derimot kun ein vei, frå himmel til helvete, men ikkje fult så gale som det gikk med Lillebjørn Nilsen som vart fanga i hasj-skya (hadde han bere hatt Bare Egil Band). Nest siste tentamen er i dag og etter å ha lest gjennom pensumet ein gang føler eg meg mindre klar enn kva Jesus egentlig gjorde då han lot naglar hoggast inn i han.

Etter ein forhåpentligvis lite mislykka breddeidrett-tentamen går turen til jobb (yes, free kakao - og chai-te, blogg-g33ks) for å begynne på ei helg med 13 timar jobb kor meir eller mindre alt følast som går vekk i skatt. Neidå, eg skal fint overleve jobbinga, men med ein fysikk-tentamen rett over helga ligg det an til å bli den tristaste helga nokon gang, i vert fall sidan Arsenal tok ein høgst ufortjent seier mot United. Anyway, eg skal overleve - the show must go on og for å halde spiriten oppe kva er vel meir ein naturlig ting å gjere enn å kaste ut ein kontaktannonse til audition til Vebjørn BFF; Gutt 17 søker tredemøllevennar.

Gje meg ein god grunn til å ikkje late og oppføre meg som at det er juleferie frå i dag av, og ikkje nødt til å dukke opp på skulen neste veke?

It's such a perfect day

Oh, it's such a perfect day / I'm glad I spent it with you
Oh, such a perfect day / You just keep me hanging on


Joda, det skal bli fint med både meir polaroidfilm og ein ny parfyme. Ei god og stilig hue, eit par snasne goggles og eit par-tre snowboardfilmar vil bli veldig fint. Men eg gav meg ikkje der og allerede i dag gikk eg for å investere i noko meir. Denne gangen ein tanke meir langsiktig enn vinteren Jokke (Ingrid Olava) syng inn. Planane for neste års sommar er i gang og startar 1. juni med The Eagles konsert på Koengen i Bergen og avsluttast med Coldplay 19. august samme plass. Inni mellom dei kjem forhåpentligvis all sommar-klisjèen, Hove, endå meir sommar-klisjè, Roskilde, Brann og meir action. Veit du allerede no noko du vil neste sommar?

Gårsdagen blei ein død dag her på blogg.no, men langt i frå død eller og blei brukt til mykje fornuftig om du ser bort i frå at det kunne vert ok å gjort noko fram mot fredag og vår nest siste tentamen.
Marie opna opp hybelen sin og Ingrid reiste langt og ofra ei natts søvn for å kunne smelle saman taco (som eg bidrog sterkt til) og anna snacks til oss! Neste onsdag forventar vi ho tilbake, så om du skulle befinne deg rundt her er det ingen grunn til å ikkje vere med å catche opp. Rykta vil ha det til at eit pepperkakehus går i knas!

I går sovna eg til Strawberry Swing, det var fint - likar du Coldplay?

- ikkje dårlig å få smelt opp to gode sangar med setninga 'it's such a perfect day' i begge?!

justaperfectday

Ferskt polaroid

Om eg ikkje hadde julestemning i går eller for eit par timar sidan, så er den så smått begynt å komme. Ein av fleire julepresangar til meg sjølv er bestilt og innan to veker vil eg vere seks pakkar med polaroidfilm og ein ny parfyme rikare. Eg har òg funne fleire snowboardfilmar, så godt mulig blir det bestilt ein eller fleire der. Eg har òg sett meg ut ei plain, men snasen hueCoal Headwear (betalt heile veien til skulen i morgon + lunsj). Så med eit par nye goggles og det andre inntakt vil nok jula bli bra kva enn foreldre, tanter, onklar, gamle lærerar, vennar, presten, blogg-lesera, beundrarar og andre vil finne på for å glede meg. Eg puttar med eit ferskt polaroidbilde som blei tatt istad då eg og my beloved dog, Bella Pilar, var ute og laga snøhundar istad. Ikkje bere blei det indie-playlista som gikk rundt på iPoden - rundt gikk òg juleplata til Glasvegas. Som naboen på 50 år sa; 'den er kanon!'.

Går du for ein egosentrisk julepresang?

polaroidgran

I morgon er det funne plass til to fritimar, og sett bort frå at ho fine òg har fritimar då er målet å komme meg til sentrum for å tilfredstille ikkje bere eigne behov, men òg Mariell's behov for å tyne meg for mandariner. Dag etter dag skjer det og i morgon er inge unntak. Ho har by the way (gimme some cred) farga håret - det blei fint, som alltid. Ikkje bere har ho farga håret, ho har gått djupare enn nokon gang på bloggen sin og miksa det med Jet's kanon-klisjèlåt - det er vakkert.. vakkert og finurlig!

You never seen nothin' like this

I dig down deep when I say I love you / Well I can hold my own with the best of them / I guarantee you, you never seen nothin' / Nothin' like this again

Harmonien er tilbake - mamma har funne seg i at julestemning er ein diffus fase man ikkje kan pushe på, men som må få komme og gå som den vil, pappa sendte ei poetisk melding heim om kor fint fuglane sang og snøen dala då han fikk tilbake iPoden sin og dagens matte-tentamen gikk overraskande fint.
Vel, fint heilt fram til eg såg fasiten, men kva gjer man ikkje for å behalde den gode følelsen? I dag lev vi på ein kvit løgn for å behalde den.

Forberedelsane til neste tentamen får vente og dagen i dag går til å lage snøhundar i snøen, med siste indie-playlista som er sluppe i Piratbukta nylig importert til iPoden, med nettopp hunden og etter det sjå tvilsomme seriar på MTV
(ja, for kven ser vel handball når Sulland er plassert på tribunen?!). Skal du sjå handball?

- ikkje sant du unnar meg ein dag med full slack?

snowmood copy

How sweet the sound

Heimen er i harnisk - mamma konfronterte meg med den manglande julestemninga eg hadde ytra meg om og resultatet har blitt brente mandlar, julebrød og faktisk snø på tunet! .. det er ikkje bere bere kva mamma får til. Etter nærmast tre samanhengande dagar kor det har blitt svetta matte for å få ein viss kontroll fram mot tentamen i morgon føler eg at eg bere kan mindre og mindre og nødløysinga frå å krepere og gå i grava utan ein gong å bli 17 vintrar var ein tur på tredemølla. Fasiten etter at tredemølla kom i hus er jogging kvar dag og eg trur aldri det har skjedd før at eg nokon gang har jogga tre dagar på rad?!

I frykt for å komme tilbake i deppe-humør over kor lite eg kan om polynomdivisjonar, parameterframstillingar og ad absurdum-bevisføring trur eg det fornuftige må verte å gå i transe no.
Ikkje bere vil eg komme i deppe-humør om eg held det gåande lenger, deppe-humøret vil nok òg føre med seg ein joggetur og vips så var natta forbi og morgondagens tentamen ein fiasko sjølv kor kløppar eg er i kombinatorikk og sannsyn. Eg skal uansett få sove godt etter ein joggetur, eit halvt julebrød og ein liter sjokolademelk innabords.

Det må òg nevnast at bloggen har runda eit halvt år, og om det ikkje er på sin plass med konfekt og dyre presangar (som vi kan spare til den er eit år) så er det då på sin plass med gratulasjonar! Kor lenge har du blogga?

chocolate

Santa Claus is gay

'yeah yeah yeah i think i love you
yeah yeah yeah i think i do'

Ikkje dalar det ned krystallar ute, julemusikken er endå ikkje spelt høgt i huset og det einaste som kan minne om at vi er i desember er nellik-lukta i rommet (dåke er ikkje lei av å høyre om den, vel?!), dei tre presangane på bordet og smaken av sirupsnippdeig som ikkje kjem til å forsvinne med det første.
Ikkje er det meg i mot heller. Til tross for alt dette er det uansett plass for å bli melankolsk.

'don't know why but i believe
that nobody can take you away from me'

Almost Famous leverte varene, Egil Olsen rullar terningen til seks og forhåpentligvis ligg det eit rådyr klart når eg blir vekt i morgon. Andre søndag i advent.. egentlig har eg mest lyst til å ikkje gjere noko samtidig som skumnissar går ned på høgkant, men faren er at det vil bli matte i morgon òg. Betyr advent noko spesielt for deg?

'forever you and i
that would be nice
'

polwinter

* støytande tittel kjem frå Egil Olsen

bloglovin

Karma, stay with me

Til tross for at eg er stuck med ein matte eg ikkje får til, endå ein rev på Flax-kalendaren og 1600,- kroner i skatt i desember skal eg grave optimismen fram frå mørkeloftet og sjå på kvifor andre helga i advent kan bli ok. Først og fremst er pappa ikkje langt i frå å dumpe inn ytterdøra med julesnop nok til ta på seg ei grossist-rolle og frukt nok til å lage fruktsalat til alle ungane i Romania. Uheldigvis har Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk satt tenna i kua, som det blir sagt i det nevnte departementet, og nekta oss å distrubiere granatepler over grensa. For å heve oss over Brekk blir løysninga for ungane i Romania mi gamle Spyder-jakke som blir sendt nedover til julefeiring på ein barneheim. Karma, stay with me.

Ikkje nok med at huset blir fylt opp med julebrus og juleskum - eg er komt ut av tellinga på appelsina og rommet vil lukte nellik resten av desember, finfint.
Når vi først er i gang kan det leggast til at den nye og tvilsomme mobilen fungerar supert, og tredemølla er plassert og klar for bruk! Er det kun eg som gler meg til juleferie?

juleskum

Karma, come to me

Neidå, bloggen er ikkje lagt død og diktaturet har ikkje innført verken gapestokk eller giljotin for blogging - det har seg bere at eg ikkje lever for blogg, til tross for at dåke lever for meg.. ikkje sant? Frå skule gikk det rett på jobb og frå jobb gikk det rett på trening. Apropos trening; pappa er spinnvill - han kom heim med ei tredemølle i dag! Med tredemølla plassert i front av ein tv, med LP-spelar og anlegg i samme rom og vegg i vegg med både soverom og bad i kjellaren skal det gå finfint å få trent på dagar der sjølv Noah ville lurt på om vannmengda var feilslått og dommedag nær.
- btw, ikkje bere har eg svetta i dag; eg hjalp ei dame med barnevogn ned ei trapp, karma, come to me. Kva er din happening of the day?
karma

Do the Dance

Kjemi-tentamen overstått med glans, rommet luktar nellik og eg skal ikkje på jobb før.. i morgon - do the dance, 4. desember er supert! Til tross for feiling på oppgåve 7c om konsentrasjonen i saltsyre, rev (ja, rev - kven får vel rev i ein julekalendar?!) i flax-kalendaren og treig levering av mine sårt savna øyrepluggar, q-JAYS, går 4. desember i grava (ok, det er den villaste personifiseringa eg har komt opp med sjølv) som ein finfin dag. Mykje takka vere juleplata, A Snowflake Fell, frå Glasvegas.
- nå ja, eg kan, dog uskarpt, sjå tanken bak tanken til dei utan tankar [les: dei som meinar] at eg har nok digresjonar til å enten gå rundt heile grautskåla, prate kristendommen ut av Leo Tolstoj eller bere enkelt og greit holde det gåande eit par-tre runder meir enn nødvendig (Cooper-testen, in you face).



Apropos øyrepluggar og head-set; har du kjøpt deg eigne (i så fall kva?), eller funkar Apple sine supert?
- er 800,- kroner for eit par øyrepluggar rein idioti?



Ikkje nok med at rommet luktar nellik og pappa er på vei heim - besta har levert smulteringar og Tommy Tokyo & Starving For My Gravy vert importert til iTunes!
Eg fortjenar det, eg trur eg har pakka inn 30 pakkar på jobb i dag.. Eg fortjenar det. Meir lønn òg, eg fortjenar meir lønn! - har du jobb?

Good looking girls on the street

Cause you're so beautiful / Like a, tree
Or a high-class prostitute / You're so beautiful
Mmm, you could be a part-time model

Frå The Cure til Flight of the Conchords - ansiktet er nyshava og null rådyr i Flax-kalendaren, ergo vil minusgradene vere endå litt kaldare enn dei vanligvis er og 100 000,- lenger unna kva det kunne ha vert. Eg skal gjere det beste ut av det. Planen etter tentamen og fram mot helga er å mikse sammen noko julemusikk, men eg treng hjelp. Kva er absolutt eit must av julemusikk? Kom med alt frå gammal Elvis, skandinavisk-sjarm, noko a la The Boss, amerikansk country-rock eller noko heilt anna - kom med det!
woundupfirefly
Til tross for studiedag heile skuletida i dag blir det tvilsomt meir blogg seinare i dag, svett realfagstudent som eg prøver å framstå som. Heia kjemi!

And you blow me a kiss

Når man sovnar til The Cure har det seg ofte sånn at man voknar til The Cure. Det er fint. Bloglovin' veks, snowboardjakke nærmar seg og desember har stort potensial til å bli bra. Øyret er nærmast nytt og eg er klar for å sosialisere meg igjen - heldigvis går vi ikkje tøft ut og det er ikkje tentamen før på torsdag. I tillegg bestilte eg fem pakkar polaroidfilm i går. Og mobil - kan livet bli betre?
Kva skal i så fall til?




snowdance

Ikkje kom her og sei 'rådyr i flax-kalendaren' for eg fikk nettopp det òg. Epic, karma, younameit!
Kva fikk du?

Early December

Ingen snø og fremdeles ikkje skule, men med eit rådyr på flaxkalendaren, boka Skavlans Ark (bilde) frå mamma og 600 kroner frå besteforeldre gjer at eg kjem ok frå det allikavel. Halv fire i natt, då resten av Norge gjorde seg klar for starten på desember, slo øyra til og Bloc Party fikk meg tilbake i søvn etter 20 sider med Alkymisten. Snart, etter ein effektivitet aldri sett øst for Manchester, blir det forhåpentligvis årets siste sjukehusbesøk.
Har du nokon sort for kalendar? Kva fikk du i dag?


skavlans ark 003

















:-D :-D Virkelig? Er du også en søt liten apekatt, akkurat som jeg?! Skal vi møtes og leke sammen nede ved floden? :-)

Har du nokon gang sett Skavlans talkshow Først og sist?

Oppdatert;
eg hatar blogg.no endå litt meir. No pga statistikken - blei det ikkje sagt for månadar sidan at den skulle fungere ordentlig til og med i slutten av kvar månad? Frå siste sjekk i går kveld har den sunke 350 unike lesera ned og det skal då ikkje vere mulig med 20 unike lesera ein dag det kom inn 150 kommentarar?! Har du problem med statistikken?
hits